Ikkje løyve til Kvernelva kraftverk
Småkraft AS har søkt NVE om løyve til å byggje Kvernelva kraftverk i Kvernelva i Høylandet kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket hadde ein planlagt installert effekt på inntil 0,98 MW og ein berekna årleg produksjon på ca. 6,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 320 husstandar.
Tiltaksområdet har stor verdi for biologisk mangfald. Fleire raudlista artar er funne i bekkekløfta. Kvernelva er omfatta av vassdragsvernet som gjeld for Kongsmoelva m/ Nordfolda. Bakgrunnen for vernet er mellom anna at området har eit urørt preg. Kvernelva si bekkekløft er i bekkekløftundersøkinga 2009 i regi av Direktoratet for naturforvaltning (DN) gjeve svært viktig verdi (A). Kartlegginga peikar på at bekkekløfta er velutvikla med betydelige naturverdiar knytt til naturtypen. Skogen i kløfta har karakter av regnskog. Vassføringa i elva bidreg til det stabilt svært fuktige lokalklimaet.
Tiltaket vil påverke potensialet for raudlista artar negativt. I den samla vurderinga legg NVE vekt på at Kvernelva kraftverk inneber eit inngrep med betydelige negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i forhold til den relativt vesle kraftmengda som vil bli produsert. Vurderinga byggjer på dei negative konsekvensar endra vassføring kan medføre for biologisk mangfald, landskapsbildet og verneverdiane.
NVE meiner skadane og ulempene som vert påført dei allmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket. Kravet i vassressursloven er derfor ikkje oppfylt. Grunna dette er søknaden avslått.
Les meir om avslaget til Kvernelva kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
