Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til Blåfjell pumpe

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet å gje Statkraft energi AS løyve til å bygge Blåfjell pumpe samt å overføra meir vatn til Blåsjømagasinet i Ulla Førre. Tiltaket er eit opprusting og utviding-prosjekt innanfor Ulla-Førre verka og vert rekna og kunne gje ein produksjonsauke på om lag 37 GWh.

NVE har lagt vekt på at utbygginga som omsøkt vil gje ei betre utnytting av ressursane i eit frå før utbygd vassdrag gjennom auka regulerbar kraftproduksjon. Med avbøtande tiltak og vilkår av omsyn til villreinstamma i området som foreslått, meiner NVE at ulempene som følgje av tiltaket er akseptabel i høve til nytten av auka kraftproduksjon. NVE anbefalar difor at det vert gjeve løyve til bygging av Blåfjell pumpe. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om Blåfjell pumpe på http://www.nve.no/Konsesjonssaker

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye