Løyve til å bygge Yståni kraftverk
Yståni kraftverk vil nytte eit fall på om lag 140 meter i Yståni. Kraftverket vert bygd med vassveg i nedgrave røyr.
Yståni renn ut i Indre Samlafjorden ved tettstaden Ålsåker som ligg mellom Jondal og Utne. Den nedre delen av Yståni er prega av menneskeleg påverknad og fruktdyrking. Riksvegen kryssar elva nede ved fjorden.
Den største ulempa ved tiltaket slik det var planlagt var, etter NVEs syn, dei relativt store terrenginngrepa ved at det var planlagt overføring av to sidebekkar til inntaket. Ved å flytte inntaket til nedanfor samlaupet mellom elvane vil inngrepa verte monaleg mindre, medan produksjonen ikkje vert redusert i avgjerande grad.
Ei utbygging med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring heile året vil òg bidra til å oppretthalde produksjonen av insekt og botndyr i vassdraget, og til ein viss grad ivareta elva som leveområde for vasstilknytta fugl.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 3,5 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Yståni kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om Yståni kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
