Ikkje løyve til opprusting og utviding av Palmafossen kraftverk
17.12.2010 09:00:06 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Voss Energi AS har søkt NVE om løyve til å ruste opp og utvide Palmafossen kraftverk i Raundalselva i Voss kommune i Hordaland. Dei planla å auke i slukeevna i kraftverket frå 3 m3 /s til 30 m3 /s og installert effekt frå 310 kW til 3,6 MW. Årleg produksjon ville då auke med ca. 14,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 725 husstandar.
Vossovassdraget er både eit nasjonalt laksevassdrag og eit verna vassdrag. Vossolaksen er ein truga storlaksstamme som det er sett inn store ressursar på å redde. Oppstraums Palmafossen er det 7-8 km egna gytestrekning, og det er i dei seinare åra registrert naturleg rekruttering av laks oppstraums fossen, noko som tyder på at laksetrappa verkar. Det vert òg sett ut ein del fisk frå Voss klekkeri. Elvestrekninga oppstraums Palmafossen kan difor verte viktig i arbeidet med å byggje opp igjen laksestammen i Vosso.
Tiltaket vil medføre sterkt redusert vassføring og endra straumforhold i og ved Palmafossen. NVE meiner tiltaket vil gje betydelege negative verknader for fisk. Landskap knytt til fossen vil òg kunne verte noko påverka. Vi kan ikkje sjå at avbøtande tiltak vil redusere skadeverknadene for ålmenne interesser, særleg laks, til eit nivå som etter vårt syn vil vere akseptabelt.
NVE meiner at tiltaket vil gjere forholda i vassdraget miljømessig dårlegare og det strid difor mot vassdragsvernet. Tiltaket vil òg vere i konflikt med gjeldande beskyttelsesregime for laks i nasjonale laksevassdrag. Skadane og ulempene som vert påført dei ålmenne interessene er større enn fordelane ved opprusting og utviding av kraftverket. Krava i vassressurslova er difor ikkje oppfylt. Grunna dette er søknaden avslått.
Les meir om Palmafossen kraftverk
Kontaktpersonar:
Avdelingsingeniør Kirsten Marthinsen, tlf 22 95 92 34
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE forventer lav magasinfylling de neste månedene3.6.2026 14:36:16 CEST | Pressemelding
De neste månedene forventer NVE at fyllingsgraden i flere norske vannkraftmagasiner blir lavere enn den har vært de siste 30 årene. Hvordan fyllingsgraden utvikler seg avhenger av nedbør og kraftsituasjonen i våre naboland. NVE er ikke bekymret for energiknapphet til vinteren, men vil følge utviklingen tett.
NVE gir konsesjon til solkraftverk i Fredrikstad kommune3.6.2026 12:13:39 CEST | Pressemelding
NVE gir Østfold Energi Solkraft AS tillatelse til å bygge Forsetlundgropa solkraftverk. Anlegget skal etableres på et tidligere massedeponi.
Skred tok hus og naust – no er Skjelbostad sikra mot skred3.6.2026 09:41:18 CEST | Pressemelding
NVE har fullført sikringstiltaka på Skjelbostad i Rauma kommune. Bustader og næringsliv i området er no betre verna mot framtidige skred.
Tre omkom i snøskred – mange snøskredhendelser i vinter til tross for en vinter med lite snø1.6.2026 14:54:01 CEST | Pressemelding
Vinteren 2025–2026 var preget av mindre snø enn normalt og færre store skredsykluser. Likevel førte en vedvarende ustabil snødekkeoppbygning til flere alvorlige hendelser – tre personer mistet livet i snøskred i løpet av sesongen.
Kraftsystemet i 2025: Store endringer gir bedre utnyttelse av nettet, men høyere kostnader21.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
I 2025 var kraftsystemet preget av omfattende endringer i både markeds- og driftsløsninger. Det har gitt bedre balanse og frekvenskvalitet, men også økte systemdriftskostnader.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
