Løyve til Skravlåga kraftverk
Skravlåga kraftverk vil nytte eit fall på 266 meter i elva Skravlåga. Kraftverket vert bygd med ein inntaksdam og røyrgata skal gravast ned fram til kraftstasjonen.
I Skravlåga finst det to bekkekløfter med høg botanisk artsrikdom, og det går anadrom fisk opp i vassdraget. Området er viktig for reindrift. Røyrgata vil verte grave ned i så stor grad som mogleg, og vil krysse ei av reindrifta sine flyttleier. Anleggsperioden skal avklarast med reindrifta. For å redusere ulempene for reindrifta vil òg vegen til inntaket verte fjerna etter anleggsperioden. Slik tiltaket er utforma vil reindrifta ikkje verte monaleg forstyrra dersom det vert teke omsyn i anleggstida.
NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta omsynet til fisk, fukt i bekkekløftene og vasstilknytta liv i og langs elva.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 20 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Skravlåga kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyvet til Skravlåga kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
Ny flomsikring langs Kvinda etter ekstremværet Hans20.8.2025 11:27:24 CEST | Pressemelding
Etter store ødeleggelser under ekstremværet Hans i august 2023, står nå et nytt flomsikringsanlegg langs elva Kvinda i Ål ferdig. Tiltaket skal beskytte både infrastruktur og nærliggende områder mot framtidige storflommer.
Norsk eierskap i vindkraft har økt kraftig19.8.2025 09:17:51 CEST | Pressemelding
NVE har oppdatert oversikten over eierskap til sol-, vind- og vannkraftverk. Oppdateringen viser en sterk økning i norsk eierskap i vindkraft, mens det er små endringer for vannkraft. Fra og med i år inkluderer også oversikten bakkemonterte solkraftverk.
Høring og folkemøte om Omre vindkraftverk i Grimstad kommune15.8.2025 11:40:33 CEST | Pressemelding
Den 19. august inviterer NVE og Grimstad kommune til folkemøte om et nytt vindkraftprosjektet på Omre. Det er Norsk Vind AS som vil søke om å sette opp mellom 3 og 9 vindturbiner. NVE og kommunen har sendt saken på høring, og ønsker innspill til hvilke lokale forhold og viktige tema som bør utredes nærmere. Folkemøtet er åpent for alle.
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom