Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Finse kraftverk

Del
NVE gjev Hardangeralliansen løyve til å bygge Finse kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,47 MW og vil få ein årleg produksjon på omlag 3,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 175 husstandar.

Ved det planlagde inntaksområdet er det allereie ei demning for inntak av vatn til Finsesamfunnet, og det går ein veg fram til denne. Det er ikkje påvist verdifulle vegetasjons- eller naturtypar innan tiltaksområdet. Det er heller ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. Villrein nyttar beiteområde rundt Finse, men i variabelt omfang på grunn av støy frå sentrale område rundt Finse stasjon. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskapet. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gjev difor løyve til Finse kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Finse kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye