Folkemøte om Fardalen kraftverk i Årdal kommune
Fardal Energi AS vil byggje eit elvekraftverk i Fardalselva, med inntak ved brua på Haug. Kraftverket er planlagt liggande i fjell og med ei fallhøgd på 477 meter.
NVE arrangerer folkemøte om planane på Årdal vidaregåande skule torsdag 22. april kl. 19.00.
På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av meldinga, medan søkjar vil orientere om prosjektplanane.
Melding med forslag til utgreiingsprogram er lagt ut på høyring. Frist for å komme med fråsegn er 1. juni 2010. Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn på tenestetorget på rådhuset på Årdalstangen og på Årdal bibliotek i Øvre Årdal.
Les meir om Fardalen kraftverk på www.nve.no
Kontaktperson i NVE:
Inger Staubo tlf. 22 95 98 27
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom