NVE gjev løyve til Hoel kraftverk
DGH-kraft har søkt om løyve etter vassressurslova § 8 til å oppruste og sette i drift eit kraftverk i Hoelsfossen i Veståa som ligger i Åsnes kommune. Kraftverket var i drift frå 1947 til 1960 åra, og eksisterande inntaksdam, røyrgatefundament og kraftverksbygning skal nyttast. Kraftverket er planlagt med ein installasjon på 90 kW og kjem inn under kategorien mikrokraftverk.
Veståa er ein del av Auståavassdraget som blei verna i verneplan IV for vassdrag. Det er ikkje påvist raudlista arter eller verdifulle naturtypar knytt til elvestrekninga. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til området. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE kan heller ikkje sjå at tiltaket vil redusere verneverdien i vassdraget, slik at omsynet til verneverdien er vareteke (jf. vassressurslova § 35, post 8).
NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Hoel kraftverk på fastsette vilkår.
For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Seniorrådgjevar Ingrid Haug, tlf. 22 95 9416
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
