Løyve til regulering av to vatn og reetablering av to kraftverk i Namdalseid
NVE legg vekt på at tiltaket vil kunne betre tilhøva for dagens produksjon av smolt ved eksisterande settefiskanlegg og gje ny kraftproduksjon på ca. 4 GWh i eldre anlegg.
Storfossen kraftverk vil få ein installert effekt på 480 kW og ein årleg produksjon på omlag 3,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 160 husstandar.
Lillefossen kraftverk vil få ein installert effekt på 86 kW og ein årleg produksjon på omlag 0,64 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 30 husstandar.
Av omsyn landskap, friluftsliv og storlom i og ved Storvatnet og Statlandvatnet vert reguleringa noko avgrensa i sommarsesongen. Av omsyn til biologisk mangfald og friluftsinteresser skal det heile året sleppast ei minstevassføring i utløpselva frå Finnhallerdammen ved Storvatnet, frå Statlandvatnet forbi inntaket til Storfossen kraftverk og forbi inntaket til Lillefossen kraftverk.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn dei negative konsekvensane for allmenne og private interesser.
Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad.
Les meir om løyvet til Namdalseid kommune på www.nve.no
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Frank Jørgensen, 22 96 94 31
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom