NVE gjev løyve til Muoidejohka kraftverk
Kraftverket vil ligge i Muoidejohka som er et sidevassdrag til Beiarelva Det vil nytte ei fallhøgde på 496 meter og redusere vassføringa på ei 1700 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgravd røyr mellom inntak og kraftstasjon. Vatnet frå to mindre bekkar skal overførast til inntaket for kraftverket.
Det er ikkje funne raudlista artar langs elva, men omsynet til botndyr, fossesprutvegetasjon og hekkande fossekall, saman med omsynet til landskap, gjer at NVE meiner det er naudsynt med minstevassføring heile året. Denne er fastsett til 100 l/s i tida mai til september, og 10 l/s resten av året. NVE har sett krav om fjerning av anleggsveg etter bygginga, og av omsyn til fisken på elvestrekninga nedanfor skal det monterast ein anordning for forbislepping ved kraftverket. Desse tiltaka i tillegg til god planlegging og oppfølging av prosjektet i byggetida vil etter NVE sitt syn gje akseptable verknadar for landskap og miljø.
NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor Småkraft AS løyve til bygging av Muoidejohka kraftverk på fastsette vilkår.
For meir informasjon, kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216
Senioringeniør Tor Simon Pedersen, tlf. 977 06 154
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
