Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Liemyr kraftverk

Del
NVE gjev Liemyr kraftverk AS løyve til å bygge Liemyr kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 215 husstandar.

Liemyr kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Liemyr kraftverk i Espetveitåna i Sirdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 4,3 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 30 meter og endre naturleg vassføring på ei 550 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Liemyr kraftverk på fastsette vilkår.

Meir om kraftverket på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216.
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85.

Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye