Løyve til Kinnforsen kraftverk
Kinnforsen kraftverk vil nytte eit fall på 158 meter i Krokvasselva. Kraftverket vert bygd med ein inntaksdam og røyrgata skal gravast ned fram til kraftstasjonen. Det vil bli bygd veg fram til inntaket til kraftverket.
Kinnforsen er eit særprega element i landskapet og viktig for grottedannande prosessar. Området for kraftverksutbygginga ligg i nærleiken av eit felt med gamalskog med høg botanisk artsrikdom. For å ta vare på gamalskogsområdet i størst mogleg grad har NVE sett krav om at kraftstasjonen vert flytta noko i høve til kva som fyrst var omsøkt. Kraftverket vil ligge i eit område med reindrift, men slik tiltaket er utforma vil reindrifta ikkje verte monaleg forstyrra dersom det vert teke omsyn i anleggstida.
NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta noko av Kinnforsen sitt særpreg som landskapselement. Særleg har vi lagt vekt på minstevassføring i sommartida, medan i vintersesongen er den satt noko lågare. Elva er likevel sikra ei vassføring som ivaretek omsynet til vasstilknytta liv i og langs elva.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ei auke i fornybar energiproduksjon på 8,7 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Kinnforsen kraftverk på fastsette vilkår.
Meir informasjon på www.nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom