Avslag for Kvennfossen kraftverk
Kvennfossen Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Kvennfossen kraftverk i hovudvassdraget Begna i Sør-Aurdal kommune. Kraftverket var planlagt med dam tvers over elva ved Kvennfossen eller Purkefossberget, og med kraftverket som ein integrert del av damkonstruksjonen. Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på 20-21 GWh, avhengig av alternativ, noko som svarar til straumbruken til rundt 1000 husstandar.
Hovudargumenta i mot ei utbygging er primært knytta til negative verknadar for biologisk mangfald. Området ved Kvennfossen er registrert som eit av dei områda i Begna med størst tettleik av elvemusling. Elvemusling er kategorisert som sårbar på den Norske Raudlista 2006 og som sterkt truga på IUCN sin globale raudliste. Etter NVE sitt syn vil ein utbygging av Kvennfossen forringe ein levedyktig bestand av elvemusling.
Tidlegare utbyggingar i vassdraget har ført til at areal med urørte stryk og hurtigrennande vatn, som er vikteg for mange artar, alt er sterkt redusert i vassdraget. Bygging av Kvennfossen kraftverk ville ført til at strykstrekningane ved Kvennfossen vart borte. Dette ville etter NVE sitt syn gitt store, negative konsekvensar for gyte- og oppvekstområder for aure. Ein utbygging ville og ført til at området sin funksjon som vinteropphaldsstad for fleire artar vassfugl ville verte negativt påverka. I tillegg ville omsøkte utbygging ført til store landskapsmessige endringar av området.
NVE meiner at bygging av Kvennfossen kraftverk vil verke negativt inn på fleire allmenne interesser og kan ikkje sjå at dei føreslegne avbøtande tiltaka er tilstrekkjeleg til å ivareta desse interessa. Vi meiner difor at fordelane ved bygging av Kvennfossen kraftverk er mindre enn ulempene og avslår søknaden.
Meir om Kvennfossen kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Seniorrådgjevar Ingrid Haug, tlf. 22 95 94 16
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
