Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Hynna kraftverk

Del
NVE gjev Hynna Kraft AS løyve til å byggje Hynna kraftverk i elva Hynna i Tydal kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,5 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til rundt 600 husstandar.

Hynna kraftverk vil nytte eit fall på 135 meter i elva Hynna. Det vert bygd to inntaksdammar og røyrgata skal gravast ned heilt fram til kraftstasjonen. Det blir bygd ny veg til kraftstasjonen og frå eksisterande veg fram til hovudinntaket i Stor-Hynna.

I Hynna finst det bekkekløfter av lokal verde. NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta omsynet til biologisk mangfald, landskap, fisk, fukt i bekkekløftene og vasstilknytta liv i og langs elva. Utløpet frå kraftstasjonen må plasserast slik at området nedstrøms Hynnfossen vil bli lite forstyrra. Det er og stilt vilkår om at anleggsperioden skal avklarast med reindrifta.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 12 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Hynna kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Hynna kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Kristin Haugen, tlf. 22 95 94 23

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye