Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Fossheimgardane mikrokraftverk

Del
NVE gjev løyve til å bygge Fossheimgardane mikrokraftverk i Fossheimelva i Jølster kommune, Sogn og Fjordane. Mikrokraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 0,3 GWh og vil ikkje endre på vassføring og landskapsopplevinge av Fossheimfossen.

Mikrokraftverket vil i hovudsak utnytte vatn som renn i overløp frå inntaket til Fossheim kraftverk, og skal bruke inntaksdammen og byggast på tuftene til tidlegare Skei Elektrisitetsverk. Med slepping av ei minstevassføringa på 300 l/s i sommarhalvåret 90 l/s i vinterhalvåret forbi inntaksdammen, vil drifta av mikrokraftverket ikkje påverke minste- og restfeltsvassføringar som er fastsett for Fossheim kraftverk.

Utbygginga vil etter NVE si vurdering, og med vilkåra som nemnt, ikkje i noko grad endre på vassføring og landskapsoppleving omkring Fossheimfossen i høve til dagens situasjon.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89 / 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf 57 83 36 70 / 950 80 350

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye