Ikkje løyve til Vindøla kraftverk i Oppdal
Driva kraftverk DA har søkt om løyve til å byggje Vindøla kraftverk i Storfallet i elva Vindøla i Oppdal kommune, Sør-Trøndelag. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på inntil 3,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 10,2 GWh.
Dei verdifulle naturtypane fossesprøytsone og bekkekløft er påvist i tiltaksområdet, samt den trua vegetasjonstypen fosseeng. Fossen Storfallet, med påfølgande bekkekløft, er definert som ein av kjernelokalitetane i Driva/Gråurda, og er ei av dei mest verdifulle og best dokumenterte bekkekløftene i Noreg. Storfallet gjer eit mektig inntrykk gjennom storleik, lyd og form, og det vurderast som sannsynleg at raudlista artar finnast i prosjektområdet.
Redusert vassføring vil etter NVE sitt syn føre til at verdien av fossen som landskapselement vil verte betydeleg redusert. Bygging av Vindøla kraftverk vil ha negative konsekvensar for to naturtypar av stor verdi, samt den viktige vegetasjonstypen fosseeng. Potensialet for raudlista artar vil bli påverka negativt av tiltaket.
NVE legg i si vurdering vekt på at Vindøla kraftverk inneber eit inngrep med betydelege negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i høve til den relativt låge kraftmengda som vil bli produsert. NVE meiner skadane og ulempene i høve til allmenne interessene er større enn fordelane ved å byggje kraftverket. Kravet i vassressurslova er derfor ikkje oppfylt. På dette grunnlaget har NVE avslått søknaden.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89/90 19 82 16
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom