Løyve til Ygleelvi kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Ygleelvi småkraftverk i Ygleelvi i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 14 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 700 husstandar.

Ygleelvi kraftverk vil nytte eit fall på 605 m frå kote 620 til 15. Frå inntaket vert vatnet ført i tunnel i øvre del, og deretter i nedgrave røyr fram til kraftstasjonen.

Av omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv og elva som landskapselement, har NVE fastsett ei minstevassføring på 80 l/s i sommarperioden (1.5. - 30.9.) og 30 l/s i vinterperioden (1.10. - 30.4.)

Gjennom detaljgodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogeleg grad. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf: 22 95 93 89/ 90 19 82 16

Overingeniør Sigrun Birkeland Rawcliffe, tlf: 22 95 93 16

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye