Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Bordalsbekken kraftverk

Del
NVE gjev Haugaland Kraft AS løyve til å bygge Bordalsbekken kraftverk i Tysvær kommune, Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 260 husstandar.

 

Haugaland Kraft As har søkt om løyve til å bygge Bordalsbekken kraftverk i Bordalsbekken i Tysvær. Prosjektet inneber ei overføring av Sandvikbekken, som har sitt utspring frå Sandvikstemmen. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,8 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,3 GWh.

Vassdraget har store naturlege vassføringsvariasjonar. Det er ikkje registrert viktige naturtyper i

tiltaksområdet, og den dominerande vegetasjonstypen er nedbørsmyr. Det er etter all sannsynlegheit ål i vassdraget som nyttar Sandvikstemmen som oppvekstområde og bekken opp fra sjøen som transportveg.

Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskap og for livsgrunnlaget til ålen i vassdraget. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Bordalsbekken kraftverk på fastsette vilkår.

Meir informasjon på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye