Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår løyve til Kivatn pumpe i Sørfold kommune

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS løyve til å byggje Kivatn pumpe i Sørfold kommune, Nordland.

Prosjektet går ut på å overføra og pumpe tilsiget til Kivatn (kote 494) opp til Langvatn (kote 622) øvst i Sørfjordvassdraget for utnytting i Kobbelv kraftverk. Prosjektet består av en pumpestasjon i fjell, ca. 2,4 km overføringstunnel, en ca. 15 m lang betongdam, 4 meter reguleringshøgde av Kivatn og ca. 3,3 km ny 22 kV linje. Pumpekraftverket vil produsere om lag 25 GWh årleg, noko som tilsvarar det årlege straumforbruket til om lag 1250 husstandar.
Øvre del av Sørfjordvassdraget er tidligare påverka av kraftutbygging ved at Langvatn i dag er i bruk som magasin for Kobbelv kraftverk.

NVE tilrår ei minstevassføring frå Kivatn til Sørfjordvassdraget, og vurderer utbygginga med dei fastsette vilkåra til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Kontaktpersonar :
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203
Seniorrådgjevar Inger Staubo, tlf. 22 95 98 27

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye