Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til bygging av Dversetelva kraftverk

Del
NVE har gjeve Dragefossen Kraftanlegg AS løyve til å bygge Dversetelva kraftverk i Saltdal kommune, Nordland. Kraftverket vil få ein installasjon på rundt 3,5 MW og gje ein årleg produksjon på ca. 9 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til omlag 450 husstandar.

Kraftverket vil nytte fallet i Dversetfossen og deler av Dversetelva, totalt eit fall på omlag 105 meter. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.


Av omsyn til biologisk mangfald og landskaps- og friluftsinteresser har NVE fastsett ei minstevassføring på 200 l/s om sommaren og 100 l/s om vinteren.


NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.

 

Les meir

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216

Rådgjevar Marit Carlsen, tlf. 22 95 90 60

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye