Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Grytneselva kraftverk

Del
NVE gir Nesset Kraft AS løyve til å byggje Grytneselva kraftverk i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Nesset Kraft AS får og løyve til å overføre Godvikbekken og Breivikbekken til inntaket i Grytneselva. Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 592 meter . Godvikbekken og Breivikbekken skal overførast i open kanal til inntaket i Grytneselva. Kraftstasjonen skal liggje i fjell.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapet, har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket i Grytneselva på 140 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 40 l/s resten av året. I Godvikbekken og Breivikbekken er det fastsett ei minstevassføring på 10 l/s i perioden 01.mai til 30.september.

NVE vurderer utbygginga med dei spesifiserte avbøtande tiltaka til å vere akseptabel når det gjeld allmenne og private interesser.

For meir informasjon sjå www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Seniorrådgivar Pernille D. Bruun, 72 89 65 92

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye