Auka minstevassføring i Mandalselva ved Laudal kraftverk
Laudal kraftverk vart etablera på slutten av 1970-talet i ei tid då laksestamma i vassdraget var sterkt svekka grunna forsuring. Kravet til minstevassføring på den 6 km lange strekninga som er råka, var difor låg (250 l/s). På 1990-talet vart vassdraget kalka og laksen vendte raskt tilbake. Frå om lag år 2000 har vassdraget hatt ei sterk laksestamme med årleg fangst på omkring 10 tonn. Grunna forholda på strekninga forbi Laudal Kraftverk har fangstane oppstrøms kraftverket vore små. Mandalselva er i dag eit nasjonalt laksevassdrag.
I vilkåra til den eksisterande konsesjonen frå 1977 vart det slått fast at dersom forholda seinare gjorde det mogleg å opparbeide Mandalselva til ei god lakseelv kunne regulanten påleggjast å bidra med naudsynt vatn. NVE bad difor Agder Energi Produksjon om å søka nytt manøvreringsreglement som kunne gi auka laksestamme og laksefiske på strekninga ovanfor kraftverket. Etter ein omfattande høyringsprosess har NVE no kome med si innstilling til OED. Forslaget vil redusere produksjonen i kraftverket med om lag 20 GWh eller 13 prosent. NVE meiner at laksestamma no vil få betydeleg betre forhold i dei øvre delane av elva og at dette og vil føre til auka laksefiske i vassdraget.
Les meir om Laudal kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88
Senioringeniør Kjell Carm, tlf. 33 37 23 12
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom