Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Håra kraftverk

Del
NVE gjev Håra Kraft SUS løyve til å bygge Håra kraftverk i Håraelva i Odda kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 16,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 800 husstandar.
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 211 meter og endre naturleg vassføring på ein omlag 1300 meter lang elvestrekning. To mindre bekkar skal overførast til hovudinntaket på kote 593. Vatnet skal førast i nedgravne røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til området. NVE meiner at med sesongmesseg minstevassføring vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til Håra kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye