Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til Terråk kraftverk i Nordland

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk løyve til å byggje Terråk kraftverk i Terråkvassdraget i Bindal kommune, Nordland. Kraftverket vil produsere omlag 34 GWh årleg, noko som tilsvarar det årlege straumforbruket til om lag 1700 husstandar.

Tilrådinga legg til grunn eit utbyggingsalternativ utan overføring og regulering av Storvatnet. Kraftverket, som er tenkt plassert i fjell, vil nytte Nervatnet som inntaksmagasin og ha utlaup i Terråkelva nedstraums Hellifossen.

NVE rår til at det vert slept ei minstevassføring frå Nervatnet på 480 l/s i sumarhalvåret og 200 l/s i vinterhalvåret, og at det byggast ein omlaupsventil i kraftverket på 2 m³/s.

NVE vurderer utbygginga, med dei fastsette vilkåra, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Kontaktpersonar :
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03
Senioringeniør Eilif Brodtkorb, 22 95 94 49

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye