Betre straumforsyning i Østfold
NVE gjev og løyve til å oppgradere transformatorstasjonane Råde og Halmstad, og til å rive eksistareande 47 kV leidning frå Huseby til Halmstad transformatorstasjon. Alle anlegga ligg i kommunane Sarpsborg, Råde og Rygge i Østfold fylke.
Kvifor bygge ny kraftleidning?
Straumforbruket i området har auka dei siste åra. Den nye leidningen og dei oppgraderte transformatorstasjonane vil auka kapasiteten i nettet, og gi betre og meir stabil straumforsyning. Dei nye anlegga vil og føre til auka fleksibilitet, og leggje til rette for framtidige oppgraderingar av straumnettet.
Kva har NVE gjeve løyve til?
- Om lag 28 kilometer ny kraftleidning frå Hasle transformatorstasjon i Sarpsborg kommune, via Råde transformatorstasjon i Råde kommune, til Halmstad transformatorstasjon i Rygge kommune etter følgjande traséalternativ:
- Alternativ 1B mellom Hasle og Ramstadbråten.
- Alternativ 4D mellom Ramstadbråten og Aakeberg.
- Trasé 1B mellom Aakeberg og Huseby
- Trasé 1 mellom Huseby og Halmstad
- Oppgradering av Råde transformatorstasjon og å utvide tomten med om lag 500 m2.
- Oppgradering av Halmstad transformatorstasjon og å utvide tomten med om lag 1000 m2.
- Å rive eksistareande 47 kV leidning frå Huseby til Halmstad transformatorstasjon.
Leidningen vil bli synleg i det opne landskapet. NVE meiner den at trasékombinasjonen som har fått løyve, vil ha minst verknad for landskap, busetnader, kulturmiljø og naturmangfald. Leidningen vil bli lagt parallelt med eksisterande leidning mellom Hasle og Huseby, og vil erstatte eksisterande leidning mellom Huseby og Halmstad.
NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan. Planen skal mellom anna beskrive tiltak som reduserer den visuelle verknaden av transformatorbygga og trafikksikringstiltak for å redusere ulemper i anleggsfasen.
Lese meir om løyvet til den nye kraftleidningen og dei nye stasjonane.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 41678203
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 22 95 94 38
Sakshandsamar: Anette Ødegård, tlf. 22 95 92 69
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom