Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Eitreneselvi kraftverk

Del
NVE gir Småkraft AS løyve til å bygge Eitreneselvi kraftverk i Eitreneselvi i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper som ei utbygging vil føre med seg for private og allmenne interesser.
NVE har gitt Småkraft AS løyve til å bygge eit småkraftverk i Eitreneselvi  i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane. Deler av nedbørfeltet til kraftverket ligg i Høyanger kommune. Kraftverket vil få ein installert effekt på 3 MW. Midlare årsproduksjon blir med slepping av fastsett minstevassføring på 100 l/s frå mai til september og 30 l/s resten av året, ca 9.4 GWh.

Det er ikkje rekna med at utbygginga vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald eller viktige friluftsområde. Utbygginga vil medføre noko reduksjon av ingrepsfritt areal. 

NVE meiner at med vilkår om slepping av naudsynt minstevassføring vil negative verknader for landskapsbildet verte redusert. Tekniske inngrep som vil medføre varige verknader for landskapet blir avgrensa ved at det meste av vassvegen ned til kraftstasjonen blir lagt i tunnel og overdekka grøft.
Meir om Eitreneselvi kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter
For meir informasjon, kontakt:
Seniorrådgjevar Ivar Sægrov, tlf. 57 83 36 72
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye