Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Kvernhusfossen kraftverk

Del
NVE har gjeve Flenstad AS løyve til bygging av Kvernhusfossen kraftverk i Åfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 7,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 360 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 25 meter over omlag 550 meter i Amunddalselva.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 350 liter i sekundet heile året. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knyta til utbygginga vert avgrensa i størst mogeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Avdelingsingeniør Tale Helen Seldal, tlf. 22 95 94 51

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye