Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Ditti kraftverk

Del
NVE gjev løyve til å bygge Ditti kraftverk i Dittielva, Bardu kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 13 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til omlag 650 husstandar.

N Utbygginga vil utnytte ei fallhøgde på 286 meter frå kote 611 til kote 325 og endre naturleg vassføring på ei 2000 meter lang elvestrekning.

Av omsyn til naturmiljøet og friluftsliv er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 200 l/s frå 1. mai til 30. september og 40 l/s resten av året. Utbygginga gjer få permanente inngrep ut over fråføringa av vatn i Dittielva.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interessar.

Meir om Ditti kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.
22 95 93 89
Overingeniør Frank Jørgensen, tlf.
22 95 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye