Konsesjon til kraftleidning mellom Sunnmøre og Sogn
Den nye kraftleidningen går frå Ørskog transformatorstasjon via transformatorstasjonar i Ørsta, Ålfoten, Moskog og Høyanger til ein ny transformatorstasjon i Sogndal. Kraftleidningen er omlag 280 km lang og vil gå gjennom 15 kommunar og 2 fylke.
- Løysinga inneber riving og kabling av eksisterande kraftleidningar, og legg til rette for bygging av ny fornybar energi og omstrukturering og ytterlegare riving av eksisterande kraftleidningar i framtida. Dette tek omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn på ein god måte og er i tråd med den nyleg vedtekne kraftleidningsstrategien til staten, seier Agnar Aas.
Viktig for forsyningstryggleiken
420 kV leidningen mellom Ørskog og Sogndal er viktig for å styrke forsyningstryggleiken i Midt-Noreg og særleg Møre og Romsdal. Området er i dag eit underskotsområde og vil i dei næraste åra ha aukande kraftunderskot. Dagens kraftnett inn mot regionen er ikkje tilpassa det forbruket som Midt-Noreg vil ha framover. Etter NVE sitt syn er ein ny 420 kV leidning mellom Ørskog og Sogndal det tiltaket som er mest robust i høve til framtidige endringar av produksjon og forbruk.
Moderate miljøverknader
Gjennom konsesjonsprosessen er det gjort ei rekke traséjusteringar som saman med vilkår om riving og kamuflerande tiltak, reduserer dei visuelle verknadene betydeleg. Den nye 420 kV leidningen vert i hovudsak bygd med portalmaster i stål, matte liner og fargelause glasisolatorar. NVE set vilkår om kamuflerande tiltak med malte mastar og komposittisolatorar på omlag 1/3 av strekninga. Det vil redusere den visuelle verknaden av kraftleidningen i landskapet.
Kraftleidningstraséen følgjer i hovudsak eksisterande infrastruktur, og relativt små inngrepsfrie naturområde vert råka. Inga område verna etter naturvernlova eller plan- og bygningslova eller kjente freda kulturminne vert råka av traséen. Leidningen vil krysse fem verna vassdrag, men vurderast ikkje vesentleg å påverke dei verdiane som vart lagt til grunn for vernet.
Kabel er ikkje omsøkt
Mange høyringsinstansar har i konsesjonsprosessen ønska sjø- og jordkabel over heile eller delar av strekninga. Ei kabelløysing på lengre eller kortare strekningar vil kosta om lag seks til ti gongar så mykje som ein luftleidning.
- Ved val av sjøkabel på heile strekninga vil det ikkje bli transformeringspunkt mellom Ørskog og Sogndal transformatorstasjonar. Dermed mister ein sjansen til å sanere gamle leidningar og byggje ut ny fornybar produksjon, seier Aas.
Ut frå gjeldande kabelpolitikk, høge kostnader og omsynet til likebehandling av saker, har NVE derfor ikkje funne grunnlag for å be Statnett søkje om kabel på strekninga.
Kontaktpersonar
Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas, mobil 951 79 164
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203
Seksjonssjef Tormod Eggan, mobil 915 25 034
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
