Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til bygging av Grasbotntjørni pumpe

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS løyve til bygging og drift av Grasbotntjørni pumpe i Ulvik herad i Hordaland, samt overføring av vatn frå Grasbotntjørni til Langevatn og vidare til Sima kraftstasjon med utslepp i Eidsfjorden.

NVE ser på Grasbotntjørni pumpe som eit opprusting- og utvidings-prosjekt i eit allereie utbygd vassdrag som vil gje ny regulerbar energi. Grasbotntjørni pumpe vil sørga for ein auka produksjon i Eidford Nord anlegga på om lag 8 GWh.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette vilkår til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Meir informasjon på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203

Senioringeniør Stein Wisthus Johansen, tlf. 22 95 98 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye