Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Indre og Ytre Offerdal kraftverk

Del
NVE har motteke melding frå Offerdal Kraftverk AS om planar for utbygging av Indre og Ytre Offerdal kraftverk i Årdal kommune, Sogn og Fjordane. I samband med meldinga vert det arrangert folkemøte onsdag 11. mars, kl 19.00 i samfunnshuset Åtg i Årdal.

Representantar frå Offerdal Kraftverk AS og NVE vil vere tilstades på møtet for å orientere om utbyggingsplanane og sakshandsaminga.

Utbyggingsplanane omfattar overføring av vatn i tunnel frå inntak på kote 800 i Ytre Offerdalselvi til kraftstasjon som vert liggjande i dagen ovanfor nytt inntak på kote 400 i Indre Offerdalselvi. Frå inntaket i Indre Offerdalselvi vil vassvegen gå i tunnel ned til neste kraftstasjon som skal byggjast i fjell på kote 2. Kraftverka vil få ein samla installert effekt på 48,6 MW, medan den årlege straumproduksjon er berekna til rundt 111 GWh.

Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Rådhuset i kommunen og i Biblioteket fram til
5. mai 2009 . Søknaden er òg tilgjengeleg på NVE sine heimesider www.nve.no/vannkraft-ku . Få papirutgåve av meldinga ved å kontakte Offerdal Kraftverk AS v/Kåre Fosse på telefon 57 69 86 32 .

Meir om Offerdal kraftverk på www.nve.no

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Jens Aabel, tlf. 22 95 90 11

Senioringeniør Jan Sørensen , tlf. 22 95 92 11

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye