Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Ringerud kraftverk

Del
NVE har gjeve Ringerud Kraft AS løyve til å bygge Ringerud kraftverk i Ringerike kommune i Buskerud. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 2,5 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 120 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 408 meter over ein strekning på 1,8 km i Grytelva. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Av omsyn til fuktighetskrevjande arter er det fastsett ein minstevassføring i Grytelva på 5 l/s heile året. Det er vidare lagt vekt på at røyrgata skal leggast i god avstand til elva med tilhørande bekkekløftar. Av omsyn til gytestrekninga til storauren i Sperillen skal det installerast ein omlaupsventil tilsvarande halvparten av maksimal slukevne.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.

Meir om Ringerud kraft på www.nve.no

For meir informasjon kontakt

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Avdelingsingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf. 22 95 98 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye