Mangfaldig og spanande haustliste frå Verbum Forlag
- Vi vil noko meir enn berre å selje bøker. Vi vil selje bøker som har ei meining. Som gjer ein skilnad, som kan ta tida på pulsen og kanskje også vere fyrtårn i ei tid der menneske stiller spørsmål ope og ærleg og utan alt for stor respekt for fedrane og tradisjonane. Og då vil vi heller vere eit fyrtårn som kastar lys over farvatnet så folk kan navigere sjølv, enn eit fyrtårn som påbyd båten å segle i ei spesiell lei, sa forlagssjef Turid Barth Pettersen ved lanseringa av haustlista.
Livshjelp og trushjelp
Steinar Ekvik si siste bok "Livsreisen" er i seg sjølv eit lite fyrtårn av ei bok som set fokus på haldningar og verdiar som er med oss i både gode og dårlege dagar gjennom livet. Boka inneheld 50 tekstar som alle har stått på trykk under vignetten "Trøste og bære" i Fredrikstad Blad.
Paul Leer-Salvesen har i boka "Tanker for en søndag" teke utgangspunkt i tekstane for kyrkjeåret og skrive eit essay for kvar søndag.
- Dette er ikkje ei akademisk bok , men ei bok for truande og bibellesande menneske. Ei bok for dei som førebur seg til søndagen, og ikkje minst for dei som ikkje gjer det, seier Leer-Salvesen som er professor i teologi og etikk ved Universitetet i Agder.
Svein Ellingsen
I biografien "Svein Ellingsen - en livshistorie" skildrar Eyvind Skeie livet til vår fremste nolevande salmediktar.
- Eg har forsøkt å tolke Svein Ellingsen i eit teologisk perspektiv, men eg har òg ønskt å kaste lys over diktinga hans i skjeringspunktet mellom kultur og poesi, fortel Skeie.
Samstundes med biografien gir Verbum Forlag ut ei komplett samling av Ellingsens salmar. "En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme" inneheld i tillegg til salmane også foredrag halde av diktaren og kunstmålaren Svein Ellingsen.
Skam og skuld
- Temaet skam var nesten fråverande i norsk faglitteratur til tidleg på 1980-talet. Det synte seg ikkje minst i teologistudiet der skuld blei grundig handsama, mens skam nesten ikkje blei nemnt, seier prest og lærar i sjelesorg, Berit Okkenhaug som har skrive boka "Når jeg skjuler mitt ansikt - perspektiver på skam". Boka set søkjelys på kva skam er og utfordrar oss til å kome til rette med vår eiga skamkjensle.
- Dette er ei bok for alle som vil bli betre kjend med seg sjølv, seier Okkenhaug.
Til trøyst
- Etter tre månader med uvisse fekk eg til sist diagnosen leukemi. Livet mitt var i fritt fall, fortel Ragnhild Bakke Waale. I boka "Når livet utfordrer" tek ho utgangspunkt i eigne erfaringar etter å ha stått i ei livskrise. Orda hennar kan vere til hjelp og oppmuntring også for andre. Trøyst er òg tema for "Gjennom natten" av Sverre Bang og Erling J. Pettersen som har samla trøystebøner frå keltisk tradisjon.
Andre bøker på haustlista
Undring, tvil, tru og bøn er tema for fleire av bøkene denne hausten.
- Kvar kjem eg frå og kvar er eg på veg? spør Hilde Dagfinrud Valen i boka "Savne en hage, lengte til en by". Forfattaren tek utgangspunkt i at mange menneske i dag leiter etter tru og meining i alternative retningar på livssynstorget, men ikkje har noko oppleving av at svara som Bibelen gir er aktuelle for dei.
Kan ein rekne med englar og kva for verdi har engleerfaringar? Det er to av spørsmåla som blir tekne opp i nyutgjevinga av Verbum-klassikaren "Engelen ved din side" skrive av Øystein Bjørdal og Olav Skjevesland. Ein annan klassikar "Streif av englevinger" presenterer norske englehistorier saman med tekstar frå Bibelen.
Per Eriksen er prest i frikyrkja og har skrive "Deilig er hjorden - en hyllest til flergenerasjonsmenigheten".
- Uansett alder er alle like viktige og har sin rettmessige plass i fellesskapen, understrekar forfattaren som i boka tematiserer situasjonen for ulike aldersgrupper i kyrkjelyden, frå små born til dei aller eldste.
Tradisjon og nytolking
- Dei bøkene vi presenterer representerer Verbum Forlag nett no. Det handlar om å ta vare på tradisjonane og nytolke dei, og det handlar om sjølve grunnfjellet, bibelteksten, nytta i dagens situasjon - i dialog med livsvilkåra til menneske i eit turbulent landskap i 2009, seier forlagssjef Turid Barth Pettersen.
For ei komplett haustliste, sjå Verbum Forlags nettbokhandel, Bibel.no, der desse og andre bøker er grundig presenterte.
For meir informasjon, kontakt:
• Forlagssjef Turid Barth Pettersen, tlf. 22 93 27 20 (tbp@verbumforlag.no)
• Redaksjonssjef Jannicke Ekenes Asp, tlf. 22 93 27 39 (jea@verbumforlag.no)
• Kommunikasjonskonsulent Heidi Einarsen Hagen, tlf. 22 93 27 28 (heh@verbumforlag.no)
Bilder



Om Det Norske Bibelselskap
Det Norske Bibelselskap er en del av De forente bibelselskaper, et fellesskap av nasjonale bibelselskaper i mer enn 200 land og territorier. Sammen er de verdens største aktør når det gjelder oversettelse, utgivelse og distribusjon av Bibelen. Bibelselskapene er også aktive innen områder som hiv/aids, traumearbeid og leseopplæring. Bibelskapene samarbeider med alle kristne kirkesamfunn og mange internasjonale ikke-statlige organisasjoner.
Følg pressemeldinger fra Det Norske Bibelselskap
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Bibelselskap på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Bibelselskap
Samisk bibelhelg i Oslo19.11.2019 12:45:58 CET | Pressemelding
Lørdag 16. november ble lanseringen av den nye nordsamiske bibeloversettelsen, Biibbal 2019, markert i Oslo og overlevert til «det offisielle Norge». Dagen tok til med en sammenkomst i Samisk Hus i Oslo.
Ny nordsamisk bibel, Biibbal 2019, feires i Oslo 16. november5.11.2019 11:11:15 CET | Presseinvitasjon
Biibbal 2019 er på vei til Oslo og skal overrekkes Stortingets president, Oslo biskop og representanter for samisk kirkeliv i Oslo under en festgudstjeneste i Oslo Domkirke lørdag 16. november.
Fredsprisen til Etiopias statsminister Abiy Ahmed11.10.2019 13:52:25 CEST | Pressemelding
Det Norske Bibelselskap gratulerer den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed med Nobels fredspris. Hans modige engasjement for fred og menneskerettigheter har skapt håp og framtidstro i en hardt prøvet del av Afrika.
Ny forlagssjef i Bibelselskapet, Verbum Forlag.19.6.2019 10:46:32 CEST | Pressemelding
Hans Johan Sagrusten er tilsatt som forlagssjef i Bibelselskapet, Verbum Forlag.
Ukrainas regjering med utmerkelse til Bernt G. Olsen16.5.2019 13:35:37 CEST | Pressemelding
Det ukrainske kulturdepartementet har tildelt bibelmisjonsleder Bernt G. Olsen i Det Norske Bibelselskap sin fortjenstmedalje for «aktiv rolle i utviklingen av kultur og åndelighet i Ukraina».