Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Holsen kraftverk i Førde

Del
NVE har gjeve Holsen Kraftverk Norddøla AS løyve til bygging og drift av Holsen kraftverk i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil nytte eit fall på 438 m i elva Norddøla og gje ein årleg produksjon på om lag 25 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar. Det er også gjeve løyve til restaurering av den eksisterande demninga på 0,5 m i Norddalsvatnet.

Av omsyn til naturmiljøet og landskapsinteressene, har NVE fastsett ei minstevassføring på 250 l/s frå 1.mai til 30.september, og 50 l/s resten av året.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om Holsen kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/901 98 216
Seniorrådgjevar Ivar Sægrov, tlf. 57 83 36 72/952 90 120

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye