Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til bygging av Småvoll kraftverk

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet å gje Småvoll kraftverk AS løyve til å bygge og drifte Småvoll kraftverk i elva Erga i Sunndal kommune, Møre og Romsdal. NVE tilrår ikkje overføringa av Kråka til Kråkbekken. Kraftverket vil, med dei avbøtande tiltaka som er tilrådd, gje ein årleg produksjon på om lag 33 GWh. Det svarar til straumbruken til om lag 1650 husstandar.

Småvoll kraftverk AS, som er eigd av Sunndal Energi KF, TrønderEnergi AS og to grunneigarar, har søkt om løyve til bygging av Småvoll kraftverk i Sunndal kommune. Planane har gått ut på å overføre vatnet frå Kråka via Kråkbekken til hovudinntaket i Erga. Herfrå skal vatnet førast i tunnel ned til Småvoll kraftverk i Sunndalen. Etter dei framlagde planane ville kraftverket gje ein årleg produksjon på rundt 40 GWh.

Av omsyn til naturverdiane i Ergas bekkekløft, landskapsinteresser og friluftsliv er det ikkje gjeve løyve til å overføre Kråka. NVE vurderer det som positivt for opplevinga av Volladalen dersom dei planlagde inngrepa vert flytta ut i randsona av Trollheimen landskapsvernområde.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser tilrår NVE ei minstevassføring på 250 liter i sekundet frå 1. mai til 30. september, og 50 liter i sekundet resten av året.

Utan overføring av Kråka og med minstevassføring heile året vil kraftverket gje ein årleg produksjon på om lag 33 GWh.

NVE vurderar utbygginga til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser samstundes som det vil gje ei viss auke i årleg kraftproduksjon og eit bidrag til lokal verdiskaping. NVE anbefalar derfor at det gis løyve til bygging av Småvoll kraftverk.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Meir om løyvet på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 , mobil 416 78 203

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye