Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny kraftleidning i Møre og Romsdal

Del
NVE har gjeve Tussa Nett AS løyve til ein ny 66 kV kraftleidning frå Moltu til Elsebø i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Anlegget vert til saman 6,7 km og vil betre forsyningssikkerheita i området.

Ein ringforbindelse til Elsebø vil etter NVEs vurdering vere den beste løysinga for å ta omsyn til framtidig behov for overføringskapasitet i området.

NVE har gjeve løyve til ei løysning som inneber bygging av 500 meter ny luftleidning, 3 km sjøkabel og 3,2 km jordkabel. Jord- og sjøkabel er i dette tilfellet nødvendig på grunn av fjordkryssing og tettbygd område rundt Elsebø transformatorstasjon. Det er stilt vilkår om at Tussa Nett AS i god tid før anleggsstart skal utarbeide ein anleggsplan som nærmare vurderer tiltak i forhold til fugl på strekninga med luftleidning. Anleggsplanen skal godkjennast av NVE.

Moltu transformatorstasjon skal rivast. I tillegg vert 800 meter av eksisterande 66 kV kraftleidning inn til Moltu transformatorstasjon også riven.

Les meir om løyvet til ny kraftleidning Moltu – Elsebø på http://www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Tormod Eggan, mobil 91 52 50 34
Rådgjevar Ingvild Vaggen Malvik, mobil 95 82 18 81

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye