Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Geitåni

Del
NVE gjev Kraftkarane AS og lokale fallrettseigarar løyve til å bygge Geitåni kraftverk i Voss kommune, Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 17 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 850 husstandar.

Kraftkarane AS og fallrettseigarane har i tillegg til å søke om løyve til bygging av kraftverket i Geitåni også søkt om å få overføre vatn frå nabovassdraget Ørevikelvi til Geitåni.

Utbyggingsområdet har verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne. Hovmannafossen kan spesielt trekkjast fram. NVE meiner at med tilstrekkjeleg minstevassføring og krav til utforming av anlegget, og at overføringa av Ørevikelvi ikkje vert gjennomført, vil ei utbygging vere akseptabel i høve til dei nemnte verdiane.

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til å bygge Geitåni kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Geitåni kraftverk på http://www.nve.no

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye