Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Freim kraftverk

Del
NVE gjev Hardanger Kraft AS løyve til å bygge Freim kraftverk i Freimselva i Odda kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,6 GWh, noko som tilsvarar det årlege forbruket til rundt 180 husstandar.

Vassdraget er ein del av Opovassdraget, som vart verna i 1973 i verneplan i for vassdrag. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 220 meter og endre naturleg vassføring på ein omlag 700 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgravne røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

NVEs meiner ei utbygging med minstevassføring som opprettheld ei naturleg og variert vassføring, i tillegg til små inngrep i ein edellauvskog i området, ikkje vil påverke verneverdiane i vassdraget. Minstevassføringa er sett til 180 l/s i perioden 1.mai – 30.september og 35 l/s i perioden 1.oktober – 30.april.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir om Freim kraftverk på http://www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye