Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Kjørstad kraftverk

Del
NVE har gjeve Kjørstad Kraft AS løyve til bygging av Kjørstad kraftverk i Eid kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil nytte eit fall på 210 meter i Kjørstadelva og gje ein årleg produksjon på om lag 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.

 

Kjørstadelva er ei rask strømmande elv som renn ut i Hjalma rett nedanfor Espe i Hjelmelandsdalen. Elva er dypt nedskåren i terrenget, og det er ikkje knytt store allmenne interesser til elva. Det er ikkje funne omsynskrevjande naturtypar i tiltaksområdet og potensialet for anadrom fisk i elva er lågt.
NVE vurderer at Kjørstad kraftverk ikkje påverkar naturverdiane nemneverdig ettersom fråføring av vatn og andre inngrep fører til små verknader for naturmiljø, landskap og kulturminnar. For å oppretthalde livet i elva og ivareta andre allmenne interesser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i perioden 1. mai – 30. september og 30 l/s resten av året.

Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.

Meir om Kjørstad kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef  Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Kristin Haugen, tlf. 22 95 94 23

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye