Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Hundåga kraftverk

Del
NVE gjev Rødøy-Lurøy kraftverk AS løyve til å bygge Hundåga kraftverk i Lurøy kommune, Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 7,5 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 375 husstandar.

Prosjektområdet ligg i eit ope landskap og det er reindriftsinteresser knytt til ei flyttlei som kryssar området. Ved eit av alternativa det er søkt om er det freda kulturminne. 

Landskapet er ope med mykje bart fjell, og det er lite lausmassar som vil skjerme inngrepet. Nedgraving av røyrgata vil medføre mykje sprenging, og dette vil etter NVE sitt syn vere svært skjemmande for landskapet, og kome i konflikt med flyttleia.

Av omsyn til reindrift, landskap og friluftsverdiar meiner NVE difor at røyrgata må borast i tunnel på heile strekninga. Ved boring av tunnel vil ikkje det freda kulturminnet rørast. Denne løysinga vil etter vår vurdering ikkje medføre nokon konflikt med flyttleia for rein, og landskapsinngrepa vert av akseptabel karakter.

NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Hundåga kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Hundåga kraftverk på http://www.nve.no

For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Rådgivar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye