Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Embla kraftverk

Del
NVE gjev Embla Kraft løyve til å bygge Embla kraftverk i Emdalselva i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 15,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 785 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 395 m over om lag 2 km i Emdalselva. Emdalselva er ei sideelva til Embla/Storelva.

Av omsyn til Emdalselva som landskapselement og biologisk mangfald knytt til elva har NVE satt ei minstevassføring på 350 l/s frå 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.

NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Marianne Bismo, tlf. 22 95 98 58

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye