Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Breidalselva kraftverk

Del
NVE har gjeve Moane Kraft AS løyve til bygging av Breidalselva minikraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil nytte eit fall på 335 meter i Breidalselva og gje ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.
Breidalselva er ei av tre greiner i Ryggvassdraget på sørsida av Gloppenfjorden. Ryggelva er verna mot kraftutbygging i Verneplan IV for vassdrag. Det er opna for bygging av mikro- og minikraftverk i verna vassdrag med installert effekt under 1 MW under føresetnad at utbygginga ikkje kjem i konflikt med verneverdiane. For Ryggelva er verneverdiane knytt til kvartærgeologi, landskapsformer og kulturminner.
NVE vurderer Breidalselva kraftverk til ikkje å påverke vernverdiane nemneverdig ettersom fråføring av vatn og andre inngrep medfører små verknader for naturmiljø, landskap og kulturminner. For å oppretthalde vassføringsvariasjonar i midlare og tørre år, har NVE redusert slukeevna til 300 l/s, som tilsvarar 49 prosent av midlare vassføring. Vidare er det fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i perioden 1. mai – 30. september og 40 l/s resten av året.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.
Les meir om Breidalselva kraftverk på www. nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf. 57 83 36 70

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye