Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Draura og Viddal kraftverk

1.7.2009 09:00:09 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE har gjeve Tussa Energi AS løyve til å bygge Draura og Viddal kraftverk i Ørsta kommune, Møre og Romsdal. Kraftverkene vil gje ein årleg produksjon på om lag 22 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1100 husstandar.

Draura og Viddal kraftverk ligg i Viddalen og vil til saman nytte eit fall på rundt 460 meter over om lag 3,5 km . Det er gjeve løyve til å overføre Tverrelva nord til inntaket for Draura kraftverk og Sætreelvane til inntaket for Viddal kraftverk. Det er ikkje gjeve løyve til å overføre Tverrelva sør til inntaket for Draura kraftverk.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 liter i sekundet frå 1. mai til 30. september, og 30 liter i sekundet resten av året for Draura kraftverk. For Viddal kraftverk er minstevassføringa satt til 300 liter i sekundet i frå 1. mai til 31. oktober, og 70 liter i sekundet resten av året. Av omsyn til landskapsinteresser og friluftsliv er det ikkje gjeve løyve til å overføre Tverrelva sør. Det er lagt vekt på at vannvegen skal leggjast slik at kulturmiljøet ved Elbertstøylen ikkje vert påverka og at viktige kulturminne ved det planlagde Viddal kraftverk heller ikkje vert øydelagde.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølgjing i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knyta til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om Draura og Viddal kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt , tlf. 22 95 93 89/901 98 216

Overingeniør Auen Korbøl, tlf 22 95 93 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE publiserer ny nettside for vannkraftdata25.2.2026 08:30:00 CET | Pressemelding

Norges vassdrags- og energidirektorat lanserer en ny nettside med oppdaterte nøkkeltall for norsk vannkraft. I den forbindelse har NVE også beregnet det teknisk-økonomiske potensialet for ny vannkraft, til om lag 20 terrawattimer og 21 gigawatt. Dette er et anslag av potensialet før det er gjort grundige vurderinger av konsekvenser for miljø, samfunn og kapasitet i nettet. Det realistiske potensialet er derfor betydelig mindre.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye