Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nei til Løpselva mikrokraftverk

Del
NVE seier nei til å bygge Løpselva mikrokraftverk i Bodø kommune, Nordland fylke. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser i eit svært viktig friluftsområde.

Nils F. Nilsen har søkt NVE om løyve til å bygge Løpselva mikrokraftverk i Bodø kommune, Nordland fylke. Kraftverket ville om det vart bygd nytte eit fall på 125 meter og gje ein årleg produksjon på omlag 0,27 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 13 husstandar.
Røyrgata skulle klamrast til fjellet langsmed ein foss som vert tørrlagd ved ei utbygging. Det var også søkt om overføring av to bekker. Tørrlegging av Løpselva i tillegg til dei to bekkene, vil få negative konsekvensar for landskap og biologisk mangfald. Elva nedstrøms kraftverket er i dag gyteområde for anadrom aure. Dersom kraftverket får uventa stans blir elva nedstrøms nær tørrlagd og fisken stå da i fare for å strande.

NVE legg i si vurdering vekt på at prosjektet inneber fleire inngrep i eit svært viktig friluftsområde. Inngrepa vil synast godt i landskapet og redusere moglegheitene for fosseklatring i området. Dei negative konsekvensane kan etter vår meining vanskeleg avbøtast ved tiltak.
NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Løpselva mikrokraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.
Meir om Løpselva mikrokraftverk på www.nve.no .

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Avdelingsingeniør Tale Helen Seldal, tlf. 22 95 94 51

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye