Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om søknad for Leikanger kraftverk

Del
NVE har motteke søknad frå Sognekraft AS om planar for bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane. I samband med søknaden vert det arrangert folkemøte torsdag 26. mars 2009, kl 19.00 i Firdasalen i Fylkeshuset på Hermansverk.

Representantar frå Sognekraft AS og NVE vil vere tilstades for å orientere om søknaden og sakshandsaminga.

I søknaden er det presentert to utbyggingsalternativ. I hovudalternativet (A) vil ein nytte eit 595 meter høgt fall i vassdraga med til saman 11 inntak på kote 600. Kraftstasjonen vert bygd i fjell ved Suppam og vil få avlaup til Sognefjorden. Planlagt installert effekt i kraftverket er 77 MW og årleg produksjon er berekna til 184,1 GWh. I det andre alternativet (B) vil kraftverket i prinsippet få same planløysing, men med inntak lenger ned i vassdraga på kote 365. Installert effekt i kraftverket vil då vere 53 MW, og årleg produksjon er berekna til 124,9 GWh. Kraftverket skal koplast til nettet ved ei ny 132 kV line frå Suppam til Seljevollen i Grindsdalen. I samanheng med utbygginga vert det søkt om ny konsesjon for regulering av Store Trastadalsvatnet på 4,5 meter . Vidare vert det søkt om samtykke til oreigning av nødvendig grunn og rettar for gjennomføring av tiltaket.

Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Service-ekspedisjonen i kommunehuset og Leikanger folkebibliotek fram til 15. juni 2009 . Søknaden er òg tilgjengeleg på NVE sine heimesider www.nve.no/vannkraft-ku . Dersom det er ønskjeleg med papirutgåve av søknaden, kan ein kontakte Sognekraft AS v/Kåre Fosse, telefon 57 69 86 32 .

For meir informasjon kontakt
Senioringeniør Jan Sørensen , tlf. 22 95 92 11

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye