Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nei til Sagtjønna mikrokraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Sagtjønna mikrokraftverk i Åfjord kommune, Sør-Trøndelag. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser.


Sagtjønna Energiverk AS har søkt NVE om løyve til å byggje Sagtjønna kraftverk i Åfjord kommune. Kraftverket ville om det vart bygd nytte eit fall på 257 meter og gje ein årleg produksjon på omlag 0,45 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 23 husstandar.

Det er også søkt om å regulere Sagtjønna med
3 meter , som er naudsynt for å gje produksjonsgrunnlag i kraftverket. Den planlagde reguleringa vil etter NVE sitt syn bety negative verknader for området som landskapselement og medføre ulemper for friluftslivet. Vidare vil den lokale stammen av bekkeaure stå i fare for skade. NVE vektlegger også at regulering av Sagtjønna på vinterstid vil gje negative følgjer for reindriftsnæringa grunna utrygge isforhold og mogleg tap av trekklei.

I den samla vurderinga legg NVE vekt på at reguleringa av Sagtjønna inneber eit uforholdsmessig stort inngrep sett i forhald til den avgrensa kraftmengda som vil bli produsert. NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Sagtjønna mikrokraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

Les meir om avslaget på www.nve.no .

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Avdelingsingeniør Tale Helen Seldal, tlf.
22 95 94 51

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye