Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til regulering av Nedre Myrholtvatnet og bygging av Myrholten kraftverk

Del
NVE har gjeve Myrholten Kraft AS løyve til å regulere Nedre Myrholtvatnet med ein meter og å bygge Myrholten kraftverk i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 3,6 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 180 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 328 meter frå Nedre Myrholtvatnet og ned til elva Bøvra. Det er gitt løyve til å regulere vasstanden i Nedre Myrholtvatnet med ein meter.

NVE meiner at den største verknaden som følgje av tiltaket kan vere på anadrom fisk i Bøvra som følgje av at utlaupet frå kraftverket vert omlag ein kilometer nedstraums samlaupet mellom Myrholtelva og Bøvra. Det er difor sett krav om ei minstevassføring som skal sikre at tilhøva for fisken på den strekninga ikkje vert endra i lågvassføringsperiodar. I tida 1. mai til 30. september er det sett krav om ei minstevassføring på 60 l/s i Myrholtelva medan det resten av året skal sleppast 15 l/s. NVE meiner at ei slik minstevassføring også vil sikre andre allmenne interesser som landskapsoppleving, friluftsliv og biologisk mangfald.

Det var i utgangspunktet planar om ei reguleringshøgde i Nedre Myrholtvatnet på to meter. NVE meiner at dette vil gi for store negative verknader, særleg for landskapsopplevinga og friluftslivet. Med ei regulering av vatnet avgrensa til ein meter er verknadene for desse interessene etter vårt syn akseptable.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon, kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Seniorrådgiver Pernille Bruun, tlf. 72 89 65 92

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye