Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Øverdal kraftverk

Del
NVE har gjeve lokale grunneigarar løyve til bygging av Øverdal kraftverk i Roan kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 2,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 120 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 174 meter over omlag 1920 meter i Grytelva.

Grytelva er ei sideelv til Hofstadelva som i 1980 vart verna i verneplan II for vassdrag. Årsaka til vernet var Teistfossen nedst i Hofstadelva, fiskeinteresser i øvste del av vassdraget og omsyn til beiteområde for rein. Etter NVE sitt syn vil Øverdal kraftverk ikkje vere i konflikt med desse verneinteressene, og heller ikkje andre allmenne interesser i området, så lenge det er satt naudsynte vilkår for utbygginga.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 130 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 100 l/s resten av året.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir informasjon om Øverdal kraftverk på www.nve.no

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf.
22 95 93 89
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf.
22 95 94 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye