Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Åmøya kraftverk

Del
NVE har gjeve Vefsnkraft AS løyve til å bygge Åmøya kraftverk i Vefsen kommune i Nordland. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på omlag 9 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 450 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på 181 meter, frå inntak på kote 185 og ned til kraftverket på kote 4 over ei strekke på omlag 1250 meter.
Av omsyn til biologisk mangfald har NVE fastsette ei minstevassføring ved inntaket på 40 l/s i sommersesongen og 10 l/s vintersesongen. Av omsyn til landskapsopplevinga pålegg NVE utbyggjar å leggje vassvegen i tunnel og det skal ikkje etablerast ny anleggsveg fram til inntaket. Det er lagt vekt på at arealbruken i samband med dei tekniske inngrepa skal vera på eit minimum, og alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Meir om Åmøya kraftverk på www.nve.no

For meir informasjon, kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
Overingeniør Frank Jørgensen, tlf. 22 95 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye