Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Leirvåga kraftverk

Del
NVE gjev løyve til å bygge Leiråga kraftverk i Leiråga, Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 20 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 1000 husstandar.
Utbygginga vil nytte eit fall på 165 meter frå kote 250 til kote 85 og endre naturleg vassføring på til saman 4200 meter elvestrekning fordelt på to løp.

Det er ikkje gjeve løyve til omsøkt overføring av Leirdalselva av omsyn til landskapsverdiar og friluftsliv.
Av omsyn til naturmiljøet og friluftsliv er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 500 l/s i tida 1. mai – 30. september, og 35 l/s resten av året. Prosjektet medfører få permanente inngrep ut over fråføringa av vatn i Leiråga.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye